Søk i denne bloggen

torsdag 1. oktober 2015

10 ting eg liker ved deg

Snart skal eg møte deg igjen. Eg skal vere i deg, bygge ei ny framtid med deg og føle meg varm på kalde vinterdager. Snart flytter eg inn i deg, kjære barndomsheim. Det var her eg og bror min sklei nedover trappa på ei madrass, min andre bror satt i en kasse med appelsiner og smilte søtt, der eg gaula i takt med spice girls og britney spears, leste utallige bøker og skapte mangfaldige minner som fyller fleire bind i Nina`s saga. Eg får lyst til å skrive eit brev til deg, kjære hus. For å vise kor mykje eg set pris på deg, og kva ved gjensynet med deg som gjer meg varm rundt hjarterota.

1. Eg gleder meg til å tilbringe mykje tid saman med deg og mine sjarmerende halvbrødre. Eg gleder meg til å høyre springande barneføtter over golvet, og til å lære Nathaniel å spele piano (og lære meg det sjølv, ikkje minst). Til å svare på rare spørsmål om alt mellom himmel og jord, og generelt til å tilbringe så mykje tid med dei som mogeleg.

Mange gode minner

2. Eg liker kor mykje plass du gir meg. Frå 44 kvm, med ting gøymt i kvar ein krok, får eg no fleire rom å boltre meg på. Du deler raust av din plass, og gir meg frihet til å alle mine kreative aktiviteter.

3. Eg liker at du ikkje er som ein snigel. Eg har ikkje tal på kor mange ganger eg har hatt lyst til å riste ruteren min i desperasjon over netthastighet tilsvarande 90-talet. No kan eg faktisk laste opp ei side eller bilde utan å måtte stirre tomt ut i lufta i to minutter. Det er kjedeleg å stirre ut i lufta.

4. Eg liker at du kjem til å reintrodusere meg til ei verd av bilder på skjerm. Dei siste åra har eg knapt visst kva eit fjernsyn er, endå mindre kva ein tv-kanal inneheld. At eg atter ein gong skal få sette meg ned å sjå akkurat kva eg vil, når eg vil, er nesten over mi fatteevne. Eg kan til og med henge med i framtidige samtaler om den nyaste reklamen.

5. Sjølv om eg liker å vere med deg, blir det også godt å forlate deg. Eg ser fram til å køyre til jobb kvar dag med min store kjærleik Adam. Vi har tilbrakt alt for lite tid med kvarandre, og eg gleder meg til mitt kjære framkomstmiddel varmer meg på henda samtidig som eg høyrer på lydboka.

Meir tid til å reise til dette fantastiske landet
6. Du gir meg også sjansen til å reise meir. Med ei horribel husleige fram til no, har ein tredjedel av lønna mi forsvunne i det store intet. Eg er ikkje så glad i intetheten, særlig sidan den sluker reisemulighetene inn i sitt svarte hol. No kan eg atter sette meg i eit nytt fly, og lande akkurat der det passer seg.


Skal eg endeleg få reist til Cinque Terre? 
Vakre Jølster


7. Som om ikkje dette er nok, er eg også overstrøymande takknemmeleg for at eg får sjansen til å ta meir fri, av overfornevnte årsak. Meir fri betyr tid til å fullføre boka mi, lage bilde og kort, øve på piano, synge og til rett og slett å leve. Sjølv om ingenting kan toppe følelsen av å sitte ovenfor eit menneske du får lov til å hjelpe, har eg mange aktiviteter på delt andreplass. Og nokre ganger må nummer to få lov til å utforske korleis det er å vere nummer 1.

8. Når eg forlater deg, vil eg og benytte anledninga til å utforske mine tidligare natur-minner. Eg skal springe opp på fjellstøylen, finne fram til stader eg for lengst har gløymt og vandre i graset med frisk luft rundt meg. Eg skal få med meg min kjære far og to småtroll-søsken på tur. For troll høyrer jo heime i skogen? Eg skal sykle rundt Årdalen og vinke til folk som veit kven eg er, men som eg kanskje ikkje kjenner igjen. Eg skal ta imot besøk og vise fram plassen eg voks opp på og er så stolt av.

9. Eg liker også at eg får sjansen til å jobbe saman med deg, for å forbetre din utsjånad. Eg skal møblere deg, pusse deg og shine deg opp. Eg skal vaske i kroker og virvle opp støv frå gamle minner. For du bærer på så mykje historie, og eg vil så gjerne minne deg på kva du og eg har gløymt frå vår tid saman.


10. Det er liker best med deg, er at du berre er der. Du står like stødig som eit tempel, og eg skal tilbe deg på mitt alter av glede. Takk, kjære barndomsheim for alle minna du har gitt, og alle nye minner vi skal skape saman. Utan deg hadde eg ikkje vore den eg er.

Translate

La vita è bella

About me: