Søk i denne bloggen

torsdag 23. april 2015

Der ein note byrjar og ein tar slutt

"Bye, bye, love"
Endeleg! Der traff eg noten og akkorden på same tid! Ein stille jubel bygger seg opp i meg. Ein skulle nesten tru at eg sat med ein smash-sjokolade i munnen, berre at dette er betre. Dette gir ingen dårleg samvittighet saman med ein tanke om at eg nok bør kome meg på trening igjen. Det er kjensla av at hardt arbeid har løna seg. Plutseleg gjer det ingenting at eg hadde lyst å kaste pianoet ut vindauge to minutter tidligare. Det er verdt det.

Eg har nettopp kome heim fra min fjerde pianotime, og har plassert meg på ein lyseblå stol med noteheftet foran meg. På timen var the "the rose" som skulle til pers, og no har eg altså funne fram nye noter sidan eg faktisk har fått til å spele songen utan . Sidan noteheftet ikkje består av veldig mange songer, og 3/4 av dei er ukjente uansett, havna eg på "bye, bye love", som eg i utgangspunktet ikkje ville ha valt å høyre på med mindre nokon sa eg måtte ete brokkoli til frokost, lunch og kvelds resten av livet.  Men alt er annleis når eg skal spele den sjølv. Då betyr det ingenting at melodien er simpel, eller at du normalt blir lei av den like fort som du blir av ein tyggis. Når eg merkar at hendene mine flytter seg dit eg skal, AV SEG SJØLV, kjenner eg gleden sitre.

Vanlegvis reiser eg rett på italienskkurs etter piano-øving, men forrige torsdag hadde vi siste kursdag. Det kom litt overraskande på meg, noko som ein av mine medstudenter fikk gleden av å oppdage når eg utbraut "ER DET?!?" med trillrunde auger.

Det vil alltid vere noko som byrjar, og noko som tar slutt. Men sjølv om kurset i seg sjølv er ferdig, har eg fortsatt italiensk-appen min, og ei lydbok med italienske fraser, til å halde kunnskapen ved like. Eg har også tre ark med rotete skriblerier der eg har laga assosiasjoner ved hjelp av memo-teknikken. I praksis betyr det i Solhild sitt kollektiv befinn det seg no ein anker i gangen (ancora) og i Eva si trapp ein pakke med regler på toppen (regalo). Desse arka er etterkvart krøllete fordi eg tar dei med meg overalt, det same med notearket til "the rose" som både har vore med meg til Jølster og Bergen. Med andre ord prøver eg å halde det eg lærer, ved like. Det kan vere utruleg frustrerende til tider, fordi alt går så SEINT. Eg har alltid likt best når eg skjønar noko med ein gong, og har blitt lettare småkvalm av alt som må repeteres, men etterkvart som eg har blitt eldre og klokare, skjønar eg at det faktisk gir ekstra glede når ein får til noko ein har måtte jobbe hardt for.

Men no er det på tide med avslapning. Foran meg er boka "En mann med navn Ove", som eg fikk anbefalt av en psykolog på poliklinikken. Etter nokre få sider har eg allereie fått meg ein god latter, så kvelden ser ut til å bli bra.



onsdag 8. april 2015

Morsomme feilskrivinger i pasientjournaler


Ei liste med feilskrivinger i journal som er funne på sykepleie.net. 

formuleringer er fra ekte, norsk pasientjournaler:

  • Utbrudd av utslett kretser rundt pasienten.
  • Hun har ingen forfrysninger, men hennes mann oppgir at hun var svært het i sengen natt til i dag.
  • Pasienten stopper å puste og døde på sykehuset sist natt. Hun er her i dag for å klage på dette.
  • Lastebilsjåfør med god kondisjon som vanligvis kjører en mil uten å bli andpusten.
  • Pasienten syntes at høyre stortå henger noe nedover i forhold til de andre fingrene.
  • Pasienten går også til en akupunktør. Han stikker henne både her og der. Nå er hun gravid.
  • Mann stanget av elgokse på fisketur.
  • Avføringen har samme farge som dørene på 19. avdeling.
  • Etter at pasienten sluttet å røyke, har hans lukt kommet tilbake.
  • Pasienten har vært utplassert på kennel i Hokksund med støtte fra sosialkontoret.
  • Konsultasjon fordi han hadde slått venstre stortå som nesten var løsnet helt. Personalet får likevel ikke dra den av da det gjør vondt.
  • Pasienten fikk beskjed om at hjertet var bra, men at hun skulle komme igjen om hun mistet bevisstheten.
  • Dette var av de pasientene som ble liggende på mitt skrivebord.
  • Når hun føler seg trett, kan ansiktet vris til høyre og stå der og smårykke en stund.
  • Smerten i ryggen kommer når pasienten ligger rett ut, med begge beina på ryggen.
  • Pasienten er gravid i 19. måned.
  • Hun kom gående med bare det ene benet på strømpebuksen festet. Den andre hang fritt.
  • Synes han tisser bra. Som en hest, ifølge egne utsagn.
  • Konsultasjon på grunn av allergiske plager. Samtale via magen som tolker.
  • Pasienten er dømt til å være usammenhengende.
  • Pasienten har hatt ører, men disse har falt av.
  • Har vært på fottur i fjellet, nedkom med helikopter i går.
  • Pasienten får utslett av kontrastmiddel, jordbær, reker, samt flere av barna.
  • Brekningene forsvant om ettermiddagen. Det samme gjorde ektemannen.
  • I 1974 fikk pasienten en gravemaskin over seg. Siden plaget av øresus.
  • Har begynt å få små blodige spiseskjeer i avføringen opp til 15-200 ggr/dag.
  • Stumpen blødde igjennom så den ble byttet.
  • Mat får han av sønnen som ligger i fryseren.
  • Kan ikke få ned haken mot hodet.
  • Ørene skimtes bleke bak voks.
  • Anbefales å få ny time hvis plagene kommer igjen, og ringer da en måned i forveien.
  • Far og mor døde da hun var 12 år gammel. De har ingen kontakt med henne.
  • Det bør tillegges at noen vesentlig temperaturforskjell ikke kan kjennes mellom beina.
  • I forrige uke opplevde hun at øynene forsvant på T-banen. Øynene stikker.
  • Pasient med ansiktseksem. Hudproblemer i forbindelse ved bruk av underbukser.
  • Vedrørende hans impotens, kommer han til å fortsette medisineringen og la sin kone behandle seg.
  • Pasienten skal avholde seg fra alle former for seksuell omgang til jeg kan ta imot henne.
  • http://sykepleie.net/humor/gullkorn-fra-pasientjournalen-2/
  • Hattifnatter og andre fnatter... | Hverdagspjatt, funderinger og mye annet rart….
  • http://hattifnatt83.com/

mandag 6. april 2015

Den omreisande seljaren, kapittel 5

Den omreisande seljaren hadde kjente tvilen kome seglande som eit fly på feil kurs. Hadde det vore overbevisande nok? Etter at han hadde funne Lars, og bunde han, gikk han tilbake til hytta. Han hadde merka seg at dansken hadde mista ein hanske forrige kveld, og plasserte denne i vedskjulet. Men var dette nok til å rette mistanken over på Claus? Han forstod at Andrea ville gå til politiet, og visste han måtte prøve å stoppe dei før dei kom så langt. Dalen før legestøylen bestod av ein smal grusveg, og idag var det også glatt. Han tenkte fort, og stoppa rett før en bom. I bagasjerommet hadde han ei anretning av små, skarpe pigger som kunne legges på vegen. Han stoppa, og gikk ut av bilen. Banking og dempa rop kunne høyrast fra bagasjerommet, men seljaren ignorerte dette. Med stødige hender tok han fram anretningen, og la den til på vegen. Når dette var gjort, åpna han bagasjerommet og såg ned på Lars med hat i blikket. Lars sine auger var fylt av skrekk, han kjente igjen seljaren frå en kveld på byen i Oslo. Det var første gang han såg Andrea, som sverma rundt seljaren. Seljaren hadde vore så full at han knapt kunne snakke. Lars hadde observert begge frå andre sida av baren, og bestemt seg for at Andrea skulle bli hans. Seinare på kvelden, når ei vakker blondine som sat saman med dei, stod ved baren, stilte han seg ved sidan av ho. Det var lett for han å skru på sjarmen, og dermed få all informasjonen han trengte. Det viste seg at Andrea og seljaren budde i tollbugata, at Andrea var student, og at seljaren var vekke ei veke i gangen når han skulle på oppdrag. Etter denne kvelden, brukte han sine kontakter til å finne fleire opplysninger om seljaren, og til sin glede skjønte han at seljaren hadde ureint mel i posen. Det gikk rykter om at seljaren ikkje berre reiste rundt med vaskemiddel til einsomme koner som villig inviterte han på kaffi, men at han også hadde tilknytning til rusmiljøet. Han kontakta ein gamal hacker-venn som skyldte han ein tjeneste. Hackeren trengte penger, og å hacke seg innpå ei vanlig maskin, var ikkje meir komplisert enn å pusse tenna. På denne måten fikk Lars fri tilgang til eposter som var sendt frå maskina, og oppdaga at seljaren hadde fått nye anvisninger om stoff han skulle ta med til Trondheim. Lars fikk den samme følelsen som når han gikk på jakt. Konsentrasjonen auka, hjartet slo fortare, og han var klar til å trykke på avtrekkaren. Han følte makta strøyme i han der han gikk med stødige skritt til politistasjonen, kor han fortalte om narkotikahandelen som skulle skje. Seljaren var byttet, og politiet satte pris på kjøttstykket dei fikk i fanget. Men no var alt snudd på hovudet, han var byttet, og dessverre ville han ikkje berre bli plassert inn i eit bur, til spott og spe for alle. Han kom til å bli slakt.

I bilen til Daniel, var stemninga trykka. Andrea var på gråten, men prøvde å ta seg saman. Ho pusta djupt, og smilte letta når Helle klemte henne rundt handa. Ho ba Daniel om å køyre fortare, og Daniel auka farten. Men etter ei lita stund stansa bilen så brått at Daniel sitt hovudet smalt i rattet. Helle og Andrea blei også slengt framover, og hylte i kor. Det blei heilt stille. Dei fikk ikkje tid til å tenke, før ein mann kom gåande sakte mot dei. Andrea stivna når ho såg kven det var, og Helle såg på ansiktsuttrykket at personen ikkje var en ven som kom for å sjå kva som hadde skjedd. Ikkje at det ville falt ho inn uansett, smilet tilhøyrte nokon som du vanligvis møter i eit mareritt, og ho kjente kroppen stivne heilt. Andrea skreik på nytt, i det han nådde bilen med en hammer heva. Eit sekund etter, singla det i glas, og bitene havna i Andreas fang. Akkurat når ho trudde at livet hadde snudd, at ho kunne reparere det som var gått i stykker, vitna den sprengte glasruta om at dette hadde vore ein uverkeleg draum. Det som er knust kan sjeldan repareres, og ho hadde vore naiv som trudde noko anna. Døra blei reve opp før Andrea rakk å låse den. 
«Hei, kjære»kom det frå den mørkkledde skikkelsen samtidig som han bøygde seg fram og løsna beltet. Helle prøvde å finne noko i bilen som kunne bli eit våpen, men skiutstyret var i bagasjerommet, og tomme ølflasker ved føttene ville ikkje gjere nytten. Før ho fekk sett noko meir, såg ho ein kniv som i raskt tempo hogg mot hånda ho fortsatt hadde rundt Andrea. Begge hylte i det spissen traff, og blodet begynte å renne. Seljaren løsna beltet før han tok tak i håret til Andrea og drog henne ut av bilen. Han slo til ho med hammeren, og ho segna om. Daniel og Helle fikk tid til å tenke at dei aldri skulle ha blitt med på denne turen, før dei begge kjente ein sprøytespiss bli trykt ned i halsen. Dei rakk å tenke at dei aldri skulle ha meldt seg på Årdal-Nes turen, før alt blei svart.

Når Andrea vakna, skjønte ho først ikkje kor alt blodet kom frå. Ho ønska berre å late augo igjen og forsvinne i medvitlausheita, men smerter jog gjennom ho og gjorde einkvar flukt frå verkelegheita umogeleg. Ho gispa når ho såg personen på golvet framfor seg. Lars! Han låg bunde rett framfor ho, og bak han kunne ho sjå konturane av ein mørk skikkelse som i det same sekundet hugsa kven var. Dersom mørket hadde vendt seg mot dei som fortjente det, dersom det kunne sluke all ondskap, så ville seljaren ikkje ha befunne seg her i det vakre landskapet. Men ondskap klarer ofte å sno seg fram der det ikkje høyrer heime, som ein buktande slange du plutseleg finn foran døra. Ho prøvde igjen å knipe auga saman, men skritta som nærma seg kunne ho ikkje blokkere ut. 

«Du forlot meg når eg trengte deg mest!» Raseriet i stemma var ikkje lenger undertrykt. Alt det han hadde samla opp av raseri, var i desse orda. Men så dempa stemma seg.
«Men du har ein sjanse til å berge livet». Andrea såg på seljaren med oppsperra auge. Var det likevel håp? Seljaren smilte mot ho, med hammeren heva. Akkurat då ho trudde dette var ein ondsinna spøk, at hammeren kom til å knuse ho for alltid, la han hammeret i fanget henna. 
«Dersom du drep han, og blir med meg, så vil alt ordne seg. Eg sa jo at eg aldri kom til å forlate deg, og eg forstår at du kan gjere feil. Eg veit at du ikkje egentleg elsker dette krypet». Han sparka hardt i Lars, som krølla seg saman i fosterstilling. Ho kunne sjå dei skrekkslagne augo hans. Seljaren stod heilt stille no, venta på kva ho ville sei, og Andrea forstod kva ho måtte gjere.

Helle og Daniel var fortsatt slått ut då ein rød volvo stansa bak dei. Ein bonde med lua på snei, sprang ut av bilen og bort til dei. Han banna høgt, og reiv opp døra. For seint såg han anretninga som hadde punktert bilen, og trakka sjølv rett på nokre av piggene. Han banna igjen når han kjente at foten var skada, men brukte ikkje lang tid før han flytta fokuset til dei to i bilen. Han rista i dei, men fikk ingen respons, og tok derfor mobilen opp av lomma. Med skjelvande fingre og lyst til å banne meir, tasta han nummeret til ambulansen. Etter å ha forklart kor han var, ringte han politiet. Når det var gjort gikk han tilbake til Volvoen og henta jaktgeværet. Han hadde så vidt sett den andre jenta frå bilen i det ho blei dratt opp mot hytta. 

Teipen rundt hendene til Andrea blei løsna. Seljaren hadde ein glock i handa, og peika den truande mot ho. Ho tok tak i hammeren mens tårene trilla.
«Ja, eg elskar deg fortsatt, men eg skjønte det først for ei veke sidan! Eg visste Lars hadde kontakter i politiet, og håpa han skulle bruke desse til å hjelpe deg ut. Det var derfor eg forførte han, eg såg han var svak og at eg kunne gjere som eg ville!». Lars såg sjokkert på henne, dette var ikkje den sjenerte jenta som han visste kunne ha dreve vekk mørket han hadde i seg. Andrea såg med vilje ikkje på han, tvang seg til å ikkje tenke. 
Seljaren fikk noko mjukt i blikket, men hardna fort igjen.
«Du for vise at du meiner det. Eg går ut av hytta, og når eg kjem tilbake etter å ha kvitta meg med dei to i bilen, forventer eg at Lars er død. Ikkje tenkt på å rømme, eg kjem ikkje til å nøle med å skyte dykk begge to». Andrea såg han inn i auga og sa at ho var glad for at ho endelig fekk denne sjansen. Seljaren gikk bort til henne, og kyssa henne hardt. Så snudde han seg og gikk ut av hytta.

Bonden hadde kome seg rundt hytta oppaifrå, og stod bak den i det seljaren kom ut. Seljaren sprang fort mot bilen, og bonden fulgte han i god avstand. I det seljaren nærma seg bilen, var han kanskje 100 meter bak. Han tok sikte, men var ustø. Han kjente at det svimla då smertene frå foten hugg tak i han, og han måtte senke jaktgeværet igjen. Akkurat i det han hadde heva det på nytt, høyrte han eit smerteskrik som kun kunne samanliknas med skriket til kona når ho fødte datra. I rein forskrekkelse, trykka han inn avtrekkaren, og skriket forsvant i brølet som fulgte. Seljaren segna om, og var no berre ein bylt på landevegen. Bonden sprang bort, og såg at han ikkje hadde truffe beinet som han sikta på, men halsen. Seljaren var død. 

Andrea høyrte også smellet, men for seint. Ho hadde trudd ho skulle dø, ho hadde trudd at ho måtte gjere som han sa. Ho måtte alltid gjere som han sa, for å unngå fleire blåmerker og slag. Ho hadde sett vekk, idet ho kylte hammeren mot Lars, tenkt at han ikkje egentleg var en person, at alt berre var eit mareritt og når ho vakna kom alt til å vere i orden. Men når ho kom til seg sjølv, fire hammerslag seinare, var den blodige massen et vitnemål på at verda aldri ville bli som før. Mareritta ville følgje ho til grava. Ho orka ikkje eingong å røyse seg, verda fikk snurre rundt sin egen akse ifred. 

Ho sank saman på golvet, og hulka. 

Etterord:

Det var ein nydelig dag i Jølster. Deltakerene hadde kome til Nes, men denne gangen var det ingen lokal journalist som venta dei. Det en derimot kunne lese om i avisa neste dag, var blodbadet i Årdalen. Eit smilande bilde av Lars, prega førstesida som for første gong i historia, var heilt svart. Det lokale politiet fortalte korleis dei hadde kome til Årdalen, kor ein mutt bonde sat i graset med geværet i handa. Han fortalte kva han hadde gjort, og kvifor. Ambulansepersonellet hadde også vore der med sine effektive medarbeidere som hurtig fekk frakta Daniel og Helle til sjukehuset med oksygenmasker på plass. Begge overlevde. Dei hadde fått store doser bedøvende middel som hemma åndedretten, men med kyndig hjelp fekk ingen av dei langvarige skader. Avisa beskreiv vidare korleis Lars var funnen død, og trykte også bilde av Andrea og seljaren.


Andrea havna i fengsel, og bonden blei den lokale helten som alle ville snakke med Det ville ikkje bli noko problem å få solgt kjøt heretter. Helle, som ikkje hadde fått snakke med Andrea etter det som skjedde, fant motet til å gå frå Claus, og flytta tilbake til Århus. Daniel fikk profesjonell hjelp i etterkant av det som skjedde, og bestemte seg for å utdanne seg innan helsevesenet. For turgåarane, hadde hendelsen vore ein vekker, og året etter blei det arrangert en minnetur over Årdal-Nes. Samhald var viktig i Sogn og Fjordane, og det var viktig å vise at ein kunne gå videre, også med ski på beina.

søndag 5. april 2015

Den omreisande seljaren: Kapittel 4

Lars tok tak i jakkermet til Andrea og heldt det hardt. Andrea kjente pulsen stige, kva var det han hadde tenkt til no? Før ho riktig rakk å registrere kva som skjedde, datt Lars framover og landa med hovudet ned i den skarpe snøen. Bak han stod ei forskrekka Helle med ei steikepanne i handa. ”Omforlades”, stotra Helle, som virka overraska over det som nettopp hadde skjedd. ”Du måske si noe til Claus”. Andrea nikket kort til Helle, usikker på om ho var letta eller sint for at kjærasten hennar no låg medvitenlaus i snøen. Det rant blod frå eit lite kutt i hovudet, som blanda seg med den uskyldige kvite snøfargen. Kva skulle dei gjere no? Helle helt fram med å stotre på dansk, og sa noko om at Lars sikkert berre var litt slått ut, men at dei kanskje gjorde lurt i å flytte han, slik at dei ikkje skapte redsel blant deltagarande i påskerennet. Dei bestemte seg for å flytte Lars inn i det lille vedhuset som låg på baksida av hytta. Dette var lettare sagt enn gjort for to lette kvinner, men på underleg vis klarte dei å få forflytta kropppen til Lars inn i vedaskjulet, han var trass alt ikkje den tyngste gutten i verden. Dei fant ein presenning som dei la han ned på, og pakka han godt inn i dette og en sovepose som Andrea hadde gått og henta. Medan dei pakka han godt inn, byrja Helle å fortelje om korleis Claus behandla ho, om at ho kjente igjen aggressiviteten og blikket til Lars frå Claus, og at ho ville forhindre at dette også skjedde med Andrea. Så forlot dei han, usikker på kva som ville skje etterpå, når han endeleg kom til seg sjølv.

Andrea og Helle kom blidt tilbake til hytta. Dei fleste hadde no lagt seg, bortsett frå livlege Daniel, som satt framfor ovnen og passa på at det endå brant godt. Han såg spørjande på dei to, då han la merke til at Lars ikkje var med tilbake. Andrea fant opp ei historie om at han ville gå seg ein liten kveldstur for å få tatt nokre flotte bileter. Det var fullmåne og derfor det perfekte motiv. Han kunne finne på å bli ute i nokre timar i jakten på det perfekte biletet. Daniel nikka kort til dette og gjespa, han såg trøtt ut. Andrea greip moglegheiten og tilbaud seg å sitte oppe med peisen og passe på, så kunne han legge seg. Ho var uansett ikkje trøtt endå ettersom ho nettopp hadde trekt frisk luft. Daniel let seg ikkje be to gongar og forsvant opp på hemsen. Claus hadde visst lagt seg, og lette snork kunne høyrest fra hans retning i hemsen. Det var berre Andrea og Helle som no var våkne og det passa dei bra. Det virka ikkje som Lars var klar over kva som hadde skjedd, og dei planla å fortelje han at han hadde fått ein stor isblokk i hovudet frå taket på hytta, og at dei hadde lagt han i vedskjulet fordi dei ikkje ville bekymre dei andre deltagende. Historien virka plausibel nok. Dei slo seg til ro med dette. Helle som satt ved siden av blei berre meir og meir søvnig, og til slutt var haka heilt nede i brystet og augene var lukka. Andrea smilte mot denne dama, dette var ei god kvinne som hadde opplevd mykje vondt i livet, akkurat som ho. Andrea blei no også søvnig, og la seg litt framover på trebenken ho satt med, og før ho visste ordet av det hadde ho sovna ho også, med den deilige knitringa frå ovnen som bakgrunnslyd.

Seljaren hadde stått bak hytta då Andrea og Lars hadde kome ut. Han var no mykje nærmare målet sitt enn han hadde trudd. Han hadde en murstein klar i handa, klar for å kvart augonblikk angripe… Men nokon hadde kome han i forkjøpet. Ei lita, men hissig dame hadde stått bak Lars med ei steikepanne i handa og hadde plutseleg slått til gutten med all si kraft, slik at han landa framfor dei. Dette var ikkje ein del av planen til seljaren. Dei to kvinnene stod forkava og såg på kvarandre og diskuterte kva dei skulle gjere. Dei røska tak i Lars og byrja å dra han mot der han stod. Fort gjekk han i motsett retning og fant seg ein kikeplass bak vedskjulet.  Dei to kvinnene styrte rett inn i vedskjulet, og seljaren kunne observere alt som skjedde frå ein sprekk utanfrå. Dei pakka han inn som om han var eit stykke knusande porselen, og forlot fort vedskjulet og gjekk tilbake og inn i hytta. Han stod og såg på ei stund, før han bestemte seg for å gå inn til Lars. Han kjente på den skarpe knivseggen han hadde i slira si. Han var klar.

Andrea blei vekt av lyden av steikepanne mot komfyr, og kjente snart den tydlege lukta av speilegg. Det var blitt lyst og dei fleste rundt ho var i full sving. Ho hadde sove som ein stein. Ho kikka bort på Helle som gnei seg i augene, og litt etter litt kom gårsdagens hendingar tilbake til ho, og ho kikka seg raskt rundt. Lars var ikkje her. Det måtte bety at han framleis låg i vedskjulet. Ho møtte blikket til Helle, som såg ut til å tenke nøyaktig det same. Helle var eit hovud framfor Andrea i tenkinga. ”Skal vi gå ud en tur, litt frisk luft?”, sa ho blidt. Andrea nikket til dette og ingen av dei andre såg ut til å synest at det var noko påfallande med dette. Claus låg framleis i soveposen og snorka. Dei to tok på seg ytterklea og forsvant ut av hytta, tok seg en runde rundt den før dei bestemt styra i retning vedskjulet. Dei skjønte at noko var frykteleg galt då dei såg at døra var vid open. Det var ikkje slik dei hadde forlete den kvelden i forvegen. 

Lars låg inn i eit bagasjerom då han kom til seg sjølv. Ved sidan av han låg ein snøscooter som han ikkje drog kjensel på. Kva i helvete var det som hadde skjedd? Han kjente ein bankande smerte i bakhovudet. Han måtte ha slått seg. Det tok nokon sekund før han merka at hendene var binda saman med eit sterkt rep. Han kunne ikkje bevege på seg. Han skjønte ikkje kva som skjedde, men skjønte at dette ikkje kunne vere bra.

Dei hadde kome til eit tomt vedskjul med ingen spor etter noko. Presenninga han låg på var også vekke, men dei kunne ikkje sjå tydelege spor etter verken dette eller en kropp i snøen. Dei forstod ingenting. Det måtte bety at Lars hadde vakna og gått ein plass. Det var vanskeleg å tyde noko fotspor, då både gamle og nye var overalt rundt dei, i tillegg til at det hadde snødd lett i natt. Andrea var redd. Ho hadde ikkje meint at dette skulle gå så langt, ho ville ikkje Lars noko vondt. Ho byrja å grine fortvila. Helle tok eit godt tak rundt skuldaren hennar og lova at alt skulle bli bra. 

Dei kom tilbake til hytta og fortalte dei andre at Lars ikkje hadde kome tilbake frå fototuren sin i går kveld. Helle og Andrea bestemte seg for å avbryte turen og reise tilbake for å kontakte politiet. Claus såg ikkje ut til å vere særleg nøgd med dette, han meinte at Helle ikkje skulle blande seg i dette og at dei kunne fullføre vidare. Det enda med ein ilter diskusjon mellom det danske ekteparet og etter det Andrea kunne forstå, ein del stygge danske bannegloser. Dei blei einige om at Claus fekk fortsetje på eigahånd, saman med bergensarane og nokre andre, medan Helle, Andrea og Daniel bestemte seg for å reise tilbake og melde Lars sakna. Daniel hadde ikkje vore med fellesbussen og hadde parkert  bilen sin nede ved Legestøylen, så han kunne køyre dei tilbake til Skei. Andrea var veldig takknemeleg for dette, og saman la dei tre i reisefølgjet turen tilbake igjen.


lørdag 4. april 2015

Den omreisande seljaren. Kapittel 3

Andrea og Lars forsatte turen i meir forsiktig tempo. Dei kunne sjå Stein og Kjell eit stykke lengre framme saman med danskene. Ho smilte mot Lars, som virka irritert. Andrea stivna. Nokre sekunder kom alt tilbake til ho, som om ho fortsatt var i fare. Lars merka ingenting, pusten gikk tungt der han anstrengte seg for å halde balansen og halde seg i sporet. Andrea kjente seg brått usikker. Ho hadde møtt Lars to veker før ho reiste tilbake til Jølster. Det sjarmerande smilet hadde retta seg mot ho umiddelbart, og i tre fantastiske dager overstrømma han ho med komplimenter og oppmerksomhet. Dei siste to dagene hadde ho merka ei endring. Det var små ting, som at ho ikkje måtte forstyrre når han sat framfor datamaskina. Eller at ho burde ta jeansbuksa istadenfor den svarte ho hadde valt ut. Andrea rista hovudet. Ho måtte ikkje reagere på småting.

Helle og Claus

Claus retta ryggen og såg utover Årdalen. Det var ingenting som var betre enten å skue utover eit fjellkledt landskap. Helle var mindre fornøgd, då ho egentleg hadde ønska å tilbringe påska med familien i Århus. Men Claus hadde poengtert at dei sjeldant kom seg ut i friluft, og at det ville bli en opplevelse dei aldri kom til å gløyme. Etter å ha tenkt seg om, kom Helle til at Jølster var betre. Å skjule blåmerka fra familien var alltid en utfordring, og ho visste Claus ville vere forsiktig når det var så mange andre rundt.

To timer seinare hadde alle kome seg til Langvasshytta. Reisefølgjet spente av seg skia, rista av seg snøen og gikk inn i hytta. Dei var rundt 20, som alle skulle få plass i hytta. Dei fleste gikk på hamsen, kor dei begynte å legge ned liggeunderlag. Etter å ha pakka ut det nødvendige, byrja nokre av nordfjordingane på middagen. Etter en halv time fylte lukten av pizza hytta. Andrea og Lars satte seg i sofaen, og ein nordfjordring som presenterte seg som Daniel, tok fram gitaren og ølen. Andrea kjente roen senke seg, ubehaget frå tidligare hadde fordufta. 

Seljaren bestemte seg for å slå opp teltet eit godt stykke unna hytta. Han hadde klart å halde seg på god avstand fra reisefølget, men hadde likevel hatt fleire sjanser til å observere Andrea og Lars gjennom kikkerten. Etter å ha studert Lars nærmare, blei han meir sikker på at han kjende Lars att. Men etter hukommelsestapet han fekk i etterkant av ei motorsykkelulykke, var det mykje han ikkje kunne hugse. Dette vekte en ny bølge av irritasjon, sidan han visste at dette var viktig. Kor hadde han sett Lars før? 

Lars hadde begynt å bli full. Andrea kjente noko av ubehaget kome tilbake. Forrige fredag hadde dei vore ute saman, og han hadde starta en slåsskamp med ein god ven av Andrea. Ho visste ikkje kvifor den starta, og Jogeir hadde vore like overraska. Heldigvis hadde ein mann i nærleiken stoppa dei før det blei verkeleg ille, men Jogeir hadde eit blåmerke i panna fleire dager i etterkant. Lars hadde unnskyldt seg etterpå, sagt at han dessverre kunne overreagere når han drakk. At det skyldes oppvekst hos en valdeleg far. Andrea hadde forstått, og tilgitt. 

Lars og fleire andre hadde begynt å fortelje vitser. Andrea lente seg tilbake og tok en ny slurk av ølet. Det såg ut som alle hadde det bra, og stemninga var god. Dei hadde sunge «Idyll» og gamle DDE-songer, og Andrea hadde også sunge litt på tross av sjenasen. No snakka Lars med ei blond jente frå Bergen. Ho kasta på håret samtidig som ho smilte mot Lars. Blusa var tettinnsittande og utringa, og ho såg blikket til Lars vandre dit. Ho snudde seg vekk, og begynte å snakke med Daniel som hadde lagt frå seg gitaren for ei stund. Danskene, som hadde presentert seg som Helle og Claus, sat ved langbordet saman med ei anna gruppe. Claus lo høgt og brautete, og Andrea merka at Helle virka ukomfortabel. Andrea fikk augekontakt med henne, og dei smilte forsiktig til kvarandre før Claus fortalte til alle som ville høyre på, at han måtte ut og slå lens. Ein Bergenser med mørkt hår, sa han ville slå følgje, saman med Lars og tre andre som skulle ut for å ta ein røyk. Dei gikk ut frå den varme hytta, og etterlot seg en behageleg stillhet. Lars hadde også gått ut, og Andrea gikk bort og satte seg ved sidan av Helle. Dei begynte å snakke, og sjølv om Andrea streva med å forstå alt Helle sa, fikk dei likevel igang ein fin samtale. Etter ein halvtime høyrte dei eit brak utanfrå. Andrea og Helle såg forskrekka opp. Begge var vant til å reagere umiddelbart, og såg fort på kvarandre før Andrea røyste seg og slengte på boblejakka. Braket blei etterfulgt av eit skingrande rop. Helle hadde også røyst seg, og fulgte etter Andrea som allereie var halvvegs ute av døra. 

Ute låg dei oppstilte skia i en stor haug. Det var ei samanblanding av spisse staver og ski i alle farger. Claus hadde en skistav heva i truande positur mot Lars. Andrea stoppa skrekkslagen. Blikket til Claus var mørkt og ansiktet var vridd i et raseri ho kjente alt for godt. Helle ropte på han, men han la ikkje merke til dette. Lars pusta tungt og ropte at Claus skulle legge fra seg staven. 
Claus la merke til at Andrea og Helle hadde kome springande, og senka staven, men ikkje før han hadde sendt Lars eit hatefullt blikk. Helle sprang bort til han, og la ei roleg hånd på skulderen hans. Han rista den vekk, og spytta ut en salve med danske skjellsord. Andrea kom bort til Lars og ba han om å ta det rolig. Ho fikk dratt han med tilbake i hytta, og spurte forskrekka kva som hadde skjedd. Lars var no så full at han knapt kunne snakke forståeleg, men etter ei stund fikk ho med seg at Claus hadde begynt å snakke nedsettande om «idioter» som vaks opp på «bygda». Andrea visste at Lars hadde familie i Jølster som han tidlig hadde forlatt etter at volden eskalerte i heimen, men etter å ha blitt saman med Andrea, hadde han prøvd å gjennoppta kontakten med to av sine søsken som fortsatt budde i Jølster. Faren var for lengst død etter tjue år med alkoholisme. Andrea roa han ned, men Lars var fortsatt irritert då han gikk bort til kjøleskapet og forsynte seg med en ny øl.

Seljaren hadde også fått med seg oppstyret. Han tok fram kikkerten og fulgte opptrinnet med glede. Han var nær nok til å høyre Lars si stemme, og kjente igjen at dette vekte gjenkjennelse. Han kunne fortsatt ikkje plassere kor denne kjensla kom frå, men han trudde det ikkje kunne vere langt tilbake i tid. Hadde Andrea vore utro? Var det mogeleg? Han hadde dagleg overvaka ho, og visste alltid kor ho var og kven ho snakka med. Men han visste alt om kva horer som henne kunne få til. Et nytt utrop frå ein høg mann som høyrdes dansk ut, tvang seljaren tilbake til notida. Ein plan begynte å ta form.

I hytta var stemninga meir trykka. Claus hadde satt seg i eit hjørne unna resten, og Lars sat ved sidan av Andrea som prøvde å forklare at oppstyret berre hadde vore ein misforståelse. Dei andre hadde ikkje fått med seg mykje, grunna gitarspelinga som hadde starta opp igjen, men dei hadde hørt braket. Eit litt eldre ektepar såg ut som dei angra på at dei skulle gå Årdal-Nes, og hadde trukke seg tilbake til rommet dei hadde fått. Fem frå Bergen var heller ikkje i feststemning, og hadde flytta seg til hemsen. Men Daniel, som hadde en tendens til å smile uansett kva nokon sa, glatta over stemninga ved å trekke fram gitaren igjen. Andrea smilte takknemmeleg mot han, og bestemte seg for å ta en kort prat med Lars som endeleg var blitt roligare. Dei gikk utanfor hytta, og Andrea spurte om han ikkje hadde fått nok alkohol? Ho skjønte med ein gong at ho ikkje skulle sagt dette. Alkohol var eit ømfintlig tema. «Du skal ikke komme å fortelle meg hva jeg skal gjøre!!». Andrea rykka sjokkert tilbake. Det kjentes som om nokon hadde plassert ei bombe i fanget henna som ho ikkje oppdaga før no. Blikket til Lars var fylt med eit hat ho aldri hadde sett der før.


fredag 3. april 2015

God påske: mixed media lerret

Ferie er perfekt for kreative aktiviteter. Under ser dykk bilder frå det siste lerretet som eg har laga. Mixed media er skapt for fantasifulle krumspring, så her har eg brukt alt fra blomstrer, servietter, bling og maling. Grunnlaget er kvit gesso, som eg også brukte på en neongul kartong for å dempe fargen. På blomstene i Høgre hjørne, har eg limt et gjennomsiktig blått tøystykke, og fuglene kom fra to forskjellige typer servietter. Rundt heile lerretet har eg brukt svart distress ink, og eg har også brukt forskjellige typer chipboard. Eg er ganske fornøgd med resultatet, sjølv om det er enkelte detaljer eg angrer på i etterkant. Men samla sett ser eg på det som et lærerikt prosjekt som får meg til å glede meg til neste lerret.

God påske!






Påskekrim frå Sunnfjord: Den omreisande seljaren, kapittel 2



 Søndag 29.mars – Palmesundag 



Det krydde med folk på Essoen tidleg palmesundag. Det var tid for det tradisjonsrike påskerennet Årdal-Nes, og dei deltakande som kom frå heile fylket var kledd i vindtette jakker og gamasjer. Andrea og den nye kjæresten hadde bestemt seg for å delta denne gongen. Det hadde alltid vore ein draum, men ho hadde aldri våga å legge ut på denne turen åleine. Kjæresten hennar var ein skientuiast og let ikkje moglegheiten til å gå ein skitur, gå frå seg. Dei hadde stilt seg utanfor bensinstasjonen og venta tolmodig på fellesbussen som skulle ta dei til Årdalen, der turen starta. 

Andrea var lettare nervøs for turen og hadde ikkje orka å få i seg heile frukosten, ho følte seg litt slapp, ikkje akkurat eit bra utgangspunkt for turen. Medan ho stod og stampa med føttene for å halde varmen, såg ho eit ansikt framfor seg som ho helst skulle ha vore foruten. Birger, den største sladrehanken i bygda, såg på ho med argusauge og smilte sitt usedvanlege sleskete smil. ”Er det ho Andrea frå Håheim? Jammen er det ikkje det! Lenge sidan eg har sett deg ja. Ja, du går vel på universitet og prøvar å bli lærd. Kan tenkje meg at du har blitt bitt av bybasilla, har byrja å kle deg som sånne tullete universitetsfolk og starta å miste dialekta”. Han lo ein hånleg latter og slo seg på låret, som om han hadde sagt noko veldig morosamt. Andrea, i håp om mannen skulle forsvinne, smilte falskt som svar. Birger let seg ikkje stoppe av denne tausheita, og hald fram med ein tirade om både det eine og det andre. Han snakka om kor hard vinteren hadde vore på tela, og korleis dette ville påverke avlingane denne våren. Det var ikkje før han hadde byrja å snakke om sin nye traktor, at han la merke til mannen som stod ved sidan av Andrea. ”Nei, kven er no dette for ein kar? Deg har eg no aldri sett før”. Lars, den nye kjæresten til Andrea, smilte fårete og presenterte seg sjølv. 
”Jeg er Lars, kjæresten til Andrea”, sa han kort. Smilet til Birger blei enda breiare då han høyrte den tydlege austlandstonefallet til Lars. 
”Jasså, så du er ein sånn austlending du. Er det ikkje bra nok menn her heime for deg Andrea? Men det er vel typisk at ein må ha ein bygutt når ein byrjar på universitetet”. Andrea lo ikkje med Birger. Ho stod og tenkte på korleis ho skulle bli kvitt denne bonden, då ein buss frå Firda Billag svingte inn frå riksen, og kom Andrea til unnsetning. 
”Der er bussen vår”, ropte Andrea letta og peikte mot bussen som tok ein usving bak bensinstasjonen og kom mot dei. 
”Nei, vi må komme oss av gårde”, sa ho overdrevent blidt mot Birger og nikka kort mot han, før ho tok tak i skia og gjekk ivrig mot bussen, veldig glad for å komme seg unna denne bygdetullingen. 

Den korte bussturen frå Skei til Årdalen var usedvanleg oppløftande etter samtalen med Birger. Ho slapp å sitje ved sidan av ein bondetulling som stilte ho slitsame spørsmål om kva ho dreiv med, kva ho skulle bli og om ho skulle flytte tilbake til Jølster. Dei satt faktisk framfor eit dansk par, som hadde tilbragt påskeferien i Jølster dei siste femten åra. Dei var godt kjent med den tradisjonsrike turen og kom med råd om skismøringa. Sidan påska var litt sein i år, anbefalte dei rosa skismøring for turen. Blå var visst ein sukseesoppskrift om ein ville gå med med klabbar heile vegen. Det var ikkje alt Andrea klarte å forstå av det danskane fortalte, men ho trur ho fekk med seg det viktigaste. Dei var hyggelege og ikkje plagsomme, og det var det viktigaste. Bussen var elles fylt av forbausande få jølstringar. Det var mange frå Bergen på bussen, samen med nokon sunnmøringar, sogningar og nordfjordingar. Det låg ann til å kunne bli ein hyggeleg skitur. 

Andrea måtte medgje ganske raskt at ho kanskje var litt dårlegare trent enn dei fleste som skulle gå påsketuren. Det tok ikkje lang tid før dei hadde spent på seg skia, som Andrea måtte bruke gjentekne forsøk på å få på seg, før ho endeleg kunne stavre seg framover, med noko som føltes alt for glatte ski, at dei andre deltakande var langt framfor. Lars hadde kun teke med seg lilla skismøring, han hadde sta påtått at det var det einaste som dugde i Holmenkollen, og derfor måtte det gjelde her også. Andrea hadde prøvd å bemerke venleg at skismøringa var avhengig av temperaturen på snøen, noko som det også stod ganske tydeleg på skismøringa, men dette rista han surt på hovudet av og ”mente at det var meget overdrevet. Skismøring var da ikke noen heksekunst”. Hadde Andrea vore modig nok, skulle ho spurt dei snille danskane om å få låne den rosa, men dette turte ho ikkje. Det blei til at dei starta turen med usedvanleg glatte ski. 

Inne på Essoen hadde var den omreisande seljaren. I dag hadde han på seg caps og hadde på seg ein falsk bart for å igjen ikkje bli gjenkjent. Han bestemte seg for å late som han trengte å kjøpe kjøleveske og stilte seg framfor hyllene med bilutstyr. I det han studerte bilpolish høyrte han ein høg og inntrengande stemme prate med den serviceansatte bak disken. 
”Jah, eg møtte ho Andrea frå Håheim utanfor. Ho hadde fått seg ein sånn austlendingstype, spinkel var han ja, kan ikkje vere mykje husmannskomst der han kjem frå, ikkje har han drive med gårdsarbeid heller. Dei er noko sveklinga desse austlendingane, ikkje skjønna eg kva ei fager Jølsterjente skal med ein sånn type”. Mannen som stod bak disken, såg ut som han kjeda seg av desse opplysningane, men jatta med. 

Den andre mannen hald fram med å fortelje, medan han lo overdrevent. ”Haha ja, også skal dei gå Årdal-Nes no, skal banne på han derre austlendingsklysen ikkje kjem lenger enn fem meter, før han snur”. Han lo kraftig og tok seg på den skallade hovudet. Den omreisande seljaren kjente det sitra i kroppen då han høyrte desse opplysingane. Ho var ute på skitur, og hadde han flaks kunne han nå att dei med snøscootaren han hadde bak i bilen sin. Dette var den perfekte plan. Han hadde sjanse til å overfalle denne ekle typen hennar ute i ingenmansland, der han ikkje kunne rope på hjelp. Han fant raskt fram kjøleveske, skunda seg fram for å betale og ropte ”God påske”, overdrevent hyggeleg til den ansatte. Så sprang han ut i bilen og slengte seg inn i førersetet, medan han klekka fram ein ny plan.

Etter 2 timar der dei prøvde hardt å ikkje skli bakover, kom dei endeleg fram til Stegsvatnet. Det var is på halve vatnet, så det var umogleg å ta båten for å kome seg over. Sidan isen heller ikkje var trygg nok til å gå på, var det kun eit alternativ att, og det var å gå den korte stien langs vatnet. Lars blei bleik då han såg den smale stien som skråna bratt ned i det djupe vatnet. 
”Skal vi gå der?”, sa han nervøst. Andrea heva brynna og tok av seg skia, og gjorde seg klar for å starte ferden. Lars nølte, men gjorde det same. Snøen var djup og det var vanskeleg å sjå kor foten landa. Andrea fulgte fotspora til dei som hadde gått framfor og la merke til at det no ikkje var ein person i sikte. Dei hadde blitt frågått dei siste deltagande for lenge sidan, og gjekk no heilt åleine. Det såg ut som dei måtte overnatte på Longvasshytta i natt, då dei ikkje rekke å gå heile ruta før det blei mørkt. 




Dei gjekk sakte langs vatnet. Lars grøssa der han såg ned i det djupe, kalde vatnet. Undrande på kva som måtte befinne seg i botnen langt der nede. Kanskje hadde nokre beiteydr fått eit ublidt møte med vatnet? Han ville ikkje ein gong tenke på det, om han sklei nedi ville han kanskje møte på eit dyrelik. Andrea la merke til at Lars stadig var nokon skritt bak og at han bevega seg ustø, ho kommanderte han til å sjå rett framfor seg. Dei var nesten kome heilt på andre sidan no, og Andrea satte frå seg skia i snøen, då ho såg at snøen byrja å rase under føttene til Lars. 
”Lars. NEI”, hylte Andrea og såg at Lars kvelva framover og ned i stien, før nedre delen av føttane landa i vatnet. Ho byksa framover og fekk akkurat tak i armane til Lars før han sklei lenger nedover. Ho klarte akkurat å redde han frå eit ublidt møte med det iskalde vatnet. Ho fekk drege ein skrekkslagen kjæreste opp og innpå snøen. Lars rista ukontrollert. 

Den omreisande seljaren hadde parkert bilen nede ved Legestøylen og fått scootaren ut frå det store bagasjerommet. Han pakka med seg truger i bagasjerommet til scooteren, litt alkohol og litt kjøt, han rekna med at dette kunne bli ein langvarig aksjon. Han starta scootaren og såg fort alle skispora som gjekk i bein linje oppover. Han trykte inn klutsjen på scooteren og fauk framover i stor fart. Han var så klar. Etter ein liten halvtime var han framme ved Stegsvatnet. Han såg to skikkelsar heilt i andre enden av vatnet. Han slukka fort motoren, fant kikkerten frå bagasjerommet og lente seg framover. Heilt utruleg! Der var Andrea og typen hennar. Andrea i ein vakker raud anorakk, som stod i stil med den bleike og mjuke huda hennar. Lars, stod ved siden av. Såg ikkje Lars kjent ut? Dei var i ferd med å få på seg skia. Det gjekk ein skjelving gjennom den omreisande seljaren. Ikkje fordi han frøys, men av opphisselse. Dei hadde berre eit lite forsprang. Han skjønte at han ikkje ville klare stien med scooteren, noko som var like greitt då han ikkje ville tiltrekke seg merksemd frå dei to. Han fant fram trugene frå bagasjerommet og gjorde seg klar. Målet hans var i sikte.


torsdag 2. april 2015

Den omreisande seljaren: Kapittel 1



Fredag 27.mars 2015 

I år var påska kald. Vårteikna let vente på seg, og sunnfjordinger kjente glede over det faktum at ski ville bli eit realistisk alternativ. Barn i alle aldre, tok på seg tjukke boblejakker, og foreldre fann fram gamle termoser. Fjella i Jølster glitra om kapp med sola. Påska var tid for heim og familie. Den omreisande seljaren drog hua godt ned i ansiktet. Svarte hanskar, påklistra smil. Han hadde allereie full oversikt over bebyggelsen på Skei. Taktikken var å gå til den lokale Esso-stasjonen, kor han installerte små båndopptakere under borda som tok opp samtaler med den lokale befolkninga. Han gjekk for å kjøpe ein pakke med røyk i kassa, og slo av ein prat med den unge ansatte. «Jeg er på gjennomreise, trenger en røyk»! Seljaren visste at han måtte vere anonym, virke som han berre var i området ei kort tid. Han skulle komme tilbake i morgon, for å hente båndopptakeren. Elise kom inn døra med det viltre håret struttande i alle retningar. Skjerfet var knytt stramt fast i halsen. Øyra var røde på tuppen, etter å ha komme tilbake frå ein flott fjelltur på Bolsetnipa. Ho lo hjarteleg samtidig som ho såg forelska på Lars. Dei sette seg ved et ledig bord på Esso, kjøpte seg to rykande koppar med kaffi, og byrja å diskutere kor dei skulle reise i påska. På nabobordet sat Stein og Kjell, som skulle på påskerennet Årdal-Nes. 

Søndag og mandag, 29 og 30 april 2015

Fleire var innom Esso det neste døgnet. Nokre skulle vere heime med familie, men en del familiar skulle ut å reise. Den omreisande seljaren kom tilbake, og fjerna alle båndopptakarar då det var relativt tomt i lokalet. Han fikk dei raskt ned i dokumentmappa han alltid hadde med. Kragen på jakka var slått opp, for å sikre at berre halve ansiktet viste. Den svarte hua blei trukke ekstra godt ned, og briller utan styrke, var på for å gjere ansiktet annleis. To timer seinare var han komme tilbake til Breim etter å ha handla på den lokale matvarebutikken. Han plasserte varene i det vesle kjøleskapet, fant fram ei gryte og varma opp lapskausen han hadde kjøpt. Dette var noko anna enn maten han var vant med frå resturanter i Oslo, men det fikk halde for denne gang. Han hadde mange timer med arbeid framfor seg etter døgnet med opptak frå den lokale befolkninga, og han visste endå ikkje om han ville få informasjon om Andrea. Han lukka auga ei stund, lot minna passere, før han tvang fokuset tilbake til båndspelaren framfor seg, og sette i den første kassetten. 

Andrea smilte forsiktig. Som vanleg var ho omringa av fleire venner, men ho sa lite denne dagen. Om dei andre berre hadde visst kva ho hadde vore gjennom, om ho berre kunne ha løfta maska og vist kva som var under den. Kvar dag gikk ho med tryggheitsalarmen i lomma, og hjartet i halsen. Både familie og venner visste ikkje anna enn at ho hadde byrja å studere i Oslo, men at ho ikkje likte det og bestemte seg for å flytte heim. Ingenting om frykta og flukta. Ingenting om krisesentret, og aller minst noko om kor nær ho hadde vore døden. Hjartet begynte å hamre igjen, men ho drukna panikken effektivt. Ho valgte å lene seg godt inntil Lars istadanfor, og smilte takknemmelig mot han. Ho kjende seg trygg. Andrea trakk pusten djupt. 


Etter tre timer med endelause samtaler om turar og opplevingar, var han lei. Han kjente irritasjonen boble, men visste korleis han skulle tilfredsstille seg sjølv når behovet meldte seg. Akkurat i det han skulle til å ta seg en øl og la avspelinga stoppe, hørte han stemma hennar. Andrea. Stemma var klår og tydeleg, akkurat som om det var i går. Han konsentrere seg om samtalen mellom det som såg ut til å vere fire personar. Det var to jenter og ein mann. Venninner? Kven var mannen? Dei diskuterte om dei skulle gå ut på fjøsen onsdag eller laurdag i påska. Venninnene var mest ivrige på onsdag, og den ukjente mannspersonen ville laurdag. «Eg må jo få vise deg fram til kompisane mine, Andrea». Andrea lo lett. 

Seljaren såg rødt. Han fikk lyst til å kaste båndavspelaren i veggen, raseriet trua med å overvelde og øydelegge alt som var rundt han. Vise fram Andrea? Når han høyrte det som likna på en kysselyd etterfulgt av «Ååå, dokke er så søte», steig mørket i han påny. Men han visste han ikkje måtte handle på impuls. Det skulle svi, og han skulle ikkje bli tatt. Ein gang i fengsel var nok. 

Translate

La vita è bella

About me: