Søk i denne bloggen

torsdag 29. oktober 2015

Voldtatt

"Voldtatt er en film som bør ses av mange - på grunn av temaets viktighet, men også selve filmens kvalitet"

Dokumentarfilmen har blitt Nominert til Beste norske dokumentar på BIFF 2015.


Idag fikk eg ei melding frå Linda Steinhoff. Steinhoff har laga ein dokumentar om voldtekt, kor ho har sjølv turt å dele si historie.  Ho har eit ønskje om å få fram kor vanskelig det kan vere å få hjelp etter ei voldtekt, og dette syns eg er viktig å dele med flest mogeleg.

Oppsummering av dokumentaren:

Linda ble voldtatt som tenåring, men anmeldte ikke. Tiden siden har hun brukt til å forsøke å glemme, men det funker dårlig. Voldtekten henger i. 

For å forstå samfunnsproblemet bedre, hjelpe andre i sin situasjon og kanskje komme over sitt eget traume, bestemmer hun seg for å lage film.

Det hele tar en uventet retning når en innsatt voldtektsforbryter anbefaler henne å anmelde sin egen sak. Det blir tøffere enn hun hadde trodd, og over tre år får vi bli med henne på en nær reise med store emosjonelle bølgetopper og -daler.

Linda Steinhoff beskriv fleire år med terapi, utan at nokon tok opp spørsmålet om ho ønska å anmelde voldtekta. Ho valgte sjølv å anmelde, og dokumenterer kor tøff denne prossessen er.
Steinhoff fletter inn korleis ein anmeldelse oppleves for den som anmelder. Ho beskriv usikkerheta, kjensla av skyld og redselen for å ikkje bli trudd. Det er tøft å sjå kor mykje det krever av den som har blitt voldtatt: Avhøyr, vurdering av diagnose og ventinga på svar. Dessverre blir mange saker henlagt grunna mangel på bevis, og det er trist om dette skremmer dei som har blitt voldtatt, frå å anmelde. For det er viktig. Sjølv om saka blir henlagt, kan en anmeldelse forhindre at gjerningsmannen ikkje blir tatt om det skjer ein gong til.

I tillegg intervjuer Steinhoff bade mannen i gata, andre som har blitt voldtatt og gjerningsmenn om deira tanker. Ho fortel også om reaksjoner ofre for voldtekt kan få på en empatisk og lett forståelig måte, og får fram betydninga av å bli møtt når den som er ramma, skal fortelle si historie.  Steinhoff har eit ønske om at ein skal snakke om voldtekt, heller enn å dysse det ned, og filmen er eit forsøk på nettopp dette. Det er en sterk opplevelse å høyre om Steinhoff sine opplevelser, men og korleis samfunnet rundt forheld seg til voldtekt. Mange har tanker om at den voldtatte sjølv hadde skyld i det som skjedde. Steinhoff har inkludert eit nyhetsinnslag som reflekterer desse haldningene: "1 av 4 som blir utsatt for voldtekt, kan selv være skyld i dette". Dette er skremmande, og ei viktig påminning for behandlere om å huske korleis mange blir møtt når dei tør å fortelle om at dei har blitt voldtatt.

Filmen er også full av informasjon om reaksjoner en kan få etter en voldtekt. Steinhoff fikk sjølv PTSD, og forklarer kva dette innbærer i kvardagen. Denne kunnskapen er viktig å få fram, og gir eit reelt bilde av kor vanskelig det er å leve etter ei voldtekt. For den som blir voldtatt og får PTSD, sit opplevelsen i kroppen. Det er vanskelig å slappe av, og ein er heile tida på vakt. Minner frå det som skjedde, dukkar stadig opp, og frykten er like levende kvar gang dette skjer. Det får meg til å tenke på kva slags mareritt det må vere å leve med ein frykt som andre kanskje ikkje forstår. Det er lett å tenke at en "bør komme over det", men slik er vi ikkje skrudd saman.

Etter 22 juli, fikk offera tilbod om gratis psykologhjelp. Kvifor får ikkje den som har blitt utsatt for voldtekt, det same tilbodet? Steinhoff stiller viktige spørsmål, som krever eit svar. En må ta voldtekt på alvor ved å straks gi tilbod om hjelp. Derfor er denne filmen så viktig, for den viser at det er eit stort behov for å gi fleire hjelp.

Filmen er og viktig, fordi den som har opplevd å bli voldtatt vil kunne forstå kor vanleg det er å kjenne på skyld. Skyld er en av dei mest nedbrytande følelsene etter ei voldtekt, og det kan hjelpe å sjå at dette er ein reaksjon som mange får, sjølv om det ikkje betyr at ein faktisk har skyld i det som skjedde. Steinhoff vil ikkje vere eit mørketall, men en person som har turt å stå fram med si historie. Dette vil vere til inspirasjon for andre, og ein påminnar til helsevesenet og samfunnet om å ta problemet på alvor.

Steinhoff venter fortsat på traumebehandling og på anmeldelsen. Ho er ikkje den einaste.

Du kan sjå filmen komande søndag på NRK1 kl 22.20
Meir informasjon finn du ved å trykke på denne lenka

Intervju på TV2 med Linda Steinhoff

torsdag 1. oktober 2015

10 ting eg liker ved deg

Snart skal eg møte deg igjen. Eg skal vere i deg, bygge ei ny framtid med deg og føle meg varm på kalde vinterdager. Snart flytter eg inn i deg, kjære barndomsheim. Det var her eg og bror min sklei nedover trappa på ei madrass, min andre bror satt i en kasse med appelsiner og smilte søtt, der eg gaula i takt med spice girls og britney spears, leste utallige bøker og skapte mangfaldige minner som fyller fleire bind i Nina`s saga. Eg får lyst til å skrive eit brev til deg, kjære hus. For å vise kor mykje eg set pris på deg, og kva ved gjensynet med deg som gjer meg varm rundt hjarterota.

1. Eg gleder meg til å tilbringe mykje tid saman med deg og mine sjarmerende halvbrødre. Eg gleder meg til å høyre springande barneføtter over golvet, og til å lære Nathaniel å spele piano (og lære meg det sjølv, ikkje minst). Til å svare på rare spørsmål om alt mellom himmel og jord, og generelt til å tilbringe så mykje tid med dei som mogeleg.

Mange gode minner

2. Eg liker kor mykje plass du gir meg. Frå 44 kvm, med ting gøymt i kvar ein krok, får eg no fleire rom å boltre meg på. Du deler raust av din plass, og gir meg frihet til å alle mine kreative aktiviteter.

3. Eg liker at du ikkje er som ein snigel. Eg har ikkje tal på kor mange ganger eg har hatt lyst til å riste ruteren min i desperasjon over netthastighet tilsvarande 90-talet. No kan eg faktisk laste opp ei side eller bilde utan å måtte stirre tomt ut i lufta i to minutter. Det er kjedeleg å stirre ut i lufta.

4. Eg liker at du kjem til å reintrodusere meg til ei verd av bilder på skjerm. Dei siste åra har eg knapt visst kva eit fjernsyn er, endå mindre kva ein tv-kanal inneheld. At eg atter ein gong skal få sette meg ned å sjå akkurat kva eg vil, når eg vil, er nesten over mi fatteevne. Eg kan til og med henge med i framtidige samtaler om den nyaste reklamen.

5. Sjølv om eg liker å vere med deg, blir det også godt å forlate deg. Eg ser fram til å køyre til jobb kvar dag med min store kjærleik Adam. Vi har tilbrakt alt for lite tid med kvarandre, og eg gleder meg til mitt kjære framkomstmiddel varmer meg på henda samtidig som eg høyrer på lydboka.

Meir tid til å reise til dette fantastiske landet
6. Du gir meg også sjansen til å reise meir. Med ei horribel husleige fram til no, har ein tredjedel av lønna mi forsvunne i det store intet. Eg er ikkje så glad i intetheten, særlig sidan den sluker reisemulighetene inn i sitt svarte hol. No kan eg atter sette meg i eit nytt fly, og lande akkurat der det passer seg.


Skal eg endeleg få reist til Cinque Terre? 
Vakre Jølster


7. Som om ikkje dette er nok, er eg også overstrøymande takknemmeleg for at eg får sjansen til å ta meir fri, av overfornevnte årsak. Meir fri betyr tid til å fullføre boka mi, lage bilde og kort, øve på piano, synge og til rett og slett å leve. Sjølv om ingenting kan toppe følelsen av å sitte ovenfor eit menneske du får lov til å hjelpe, har eg mange aktiviteter på delt andreplass. Og nokre ganger må nummer to få lov til å utforske korleis det er å vere nummer 1.

8. Når eg forlater deg, vil eg og benytte anledninga til å utforske mine tidligare natur-minner. Eg skal springe opp på fjellstøylen, finne fram til stader eg for lengst har gløymt og vandre i graset med frisk luft rundt meg. Eg skal få med meg min kjære far og to småtroll-søsken på tur. For troll høyrer jo heime i skogen? Eg skal sykle rundt Årdalen og vinke til folk som veit kven eg er, men som eg kanskje ikkje kjenner igjen. Eg skal ta imot besøk og vise fram plassen eg voks opp på og er så stolt av.

9. Eg liker også at eg får sjansen til å jobbe saman med deg, for å forbetre din utsjånad. Eg skal møblere deg, pusse deg og shine deg opp. Eg skal vaske i kroker og virvle opp støv frå gamle minner. For du bærer på så mykje historie, og eg vil så gjerne minne deg på kva du og eg har gløymt frå vår tid saman.


10. Det er liker best med deg, er at du berre er der. Du står like stødig som eit tempel, og eg skal tilbe deg på mitt alter av glede. Takk, kjære barndomsheim for alle minna du har gitt, og alle nye minner vi skal skape saman. Utan deg hadde eg ikkje vore den eg er.

Translate

La vita è bella

About me: